Auka i matprisane rammar dei med dårlegast råd hardast. Ifølgje Statens institutt for forbruksforsking (Sifo) opplev 200.000 husstandar i Noreg matfattigdom. Sosialhjelpssatsane i Stryn må aukast.
Bemanninga i eldreomsorga og på barnehageavdelingar med 15 barn eller meir må aukast. Ei slik bemanningsauke vil styrke kvaliteten i velferdstenestene, betre arbeidsmiljøet og senke sjukefråveret.
Omfanget av cruisetrafikk til Stryn er skadeleg for miljøet og dei som bur i Olden. Vi treng eit makstak på cruiseturistar per dag, veke og sesong. Skipa som forureinar mest må haldast ute frå Stryn.
SFO-prisane i Stryn er særs høge, og det gjer at mange leitar etter andre alternativ, særleg når skulen er stengd. SFO er ein viktig arena i barns liv, og difor må SFO bli meir inkluderande.