Å bygga datasenter på Kalberg er ikkje rette vegen å gå. Me treng all den matjorda me har, og det er alt for usikkert kor mykje me får att for dette. Det må stoggast, eller i det minste begrensast.
Høgre har sagt at dei vil legga ned Hognestad skule for å finansiera ny symjehall. Eg vil heller at me gjer Kommunedirektøren tid til å finna andre måtar. Hognestad fortener å behalda skulen sin.
Rogaland er eit matfylke, og Time er ein matkommune. Difor må me verna om matjorda. Me kan ikkje ta oss råd til store utbyggingsprosjekt lenger.
Velfedrsutvalet kom nett med ein rapport som viser at i snitt så tener ansette i privat omsorg 9 % mindre enn i det offentlege. Me vil halde offentlege tenester offentlege, utan fordyrande mellomledd.