Raudt i Tysvær vil halda fram arbeidet med tiltak mot fattigdom for å jamna ut økonomiske og sosiale forskjellar. Ytingane må gjerast meir tilgjengeleg og dei må aukast betrakteleg.
Ingen skal falla utanfor, verken på skulen eller i fritida, på grunn av økonomien til foreldra. Vi må ha gratis skulemat til alle elevar og den søkbare potten til kontingentar må aukast!
Me seier førebels nei til nytt helsekvartal i Aksdal. Me kan ikkje sentralisera alt og la bygdene døy ut!
Tysvær er eit skrekkdøme! Me gav veslefingeren og bli fråteke heile neven. Me fekk helseplager, raserte lyngheiar og fugledød. Det skulle vera det grøne skiftet. Kor blei det grøne av?